Konfirmant

1700,- (kun fotografering)

Konfirmasjonsfotografering gjer me før eller i etterkant av konfirmasjonsdagen, alt etter kva som passar dykk best.

Ofte stilte spørsmål:

"Kva tid bestiller ein fotografering?"

Me finn tid til fotograferinga i førekant, eller i etterkant, av konfirmasjonsdagen. Sjølve dagen har de meir enn nok anna å tenke på. Datoen din vert difor ikkje oppteken, så uansett kva tid du tek kontakt skal me nok ordne tid. Når det er sagt er det greit å gje ein lyd så snart du veit du ynskjer fotografering for best mogleg planlegging.

"Skal foreldre vera med?"

Det er heilt opp til dykk, men erfaring tilseier at ungdommen som regel klarar seg heilt fint utan foreldre under fotograferinga! Det kan i einskilde situasjonar føre til langt betre stemning ; )

Kan me ha med klesskift?

Om de ynskjer fotografering i både finstasen og kvardagsklede er det ingen problem.
Gje ein lyd om det på førehand så me kan legge det inn i tida.

Kva betalar me for?

De første de betalar for er fotograferinga, ingen bildefiler er inkludert i denne prisen. Innan eit par veker etter fotograferinga får du ei lenke til biletgalleri. Herifrå velgjer de bileta de ynskjer å ha på veggen, i album, eller på takkekort.